Crème Brûlée Doughnuts

I dag har eg eksperimentert litt på kjøkkenet, og sidan resultatet vart ganske så velsmakande så tenkte eg å dele dei med dåkke. Skulle gjerne sendt ein doughnut til kvar og en av dåkke, men det må dessverre bli med oppskrifta =)


Crème Brûlée Doughnuts

Ingrediensar:
30 g smelta smør
3½ dl lunka melk
50 g gjær
150 g sukker
1 pakke(75g) crème brûlée pulver (Eg har brukt Freia sin pakke som også inneheld en pakke sukker)
1 ts vaniljesukker
½ ts kanel
½ ts salt
2 egg
700 g hvetemel

Framgangsmåte:
Varm smør og melk til det er ca 37 grader og hell det i ein bolle. Brukar du fersk gjær blandar du denne ut i den lunkne melka. Tilsett sukker, vaniljesukker, crème brûlée-pulver, kanel og salt. Tilsett mel (iblanda tørrgjær dersom du brukar det) og rør godt. Ha deretter i egga og elt deiga til den slepp kanten på bollen. Dekk bollen med plast og sett deiga til heving på ein lun stad i ca 45 minuttar, eller til den har dobla seg i størrelse.
Ta deiga ut av bollen og kjevl den ca 1 cm tjukk. Bruk eit stort glas til å stikke ut sirklar og legg dei på bakepapir på ei steikeplate. Bruk deretter eit mindre glas (f.eks eggeglas) til å stikke ut sirklane i midten.
Sett dei til heving i ca 45 minuttar.
Steik dei på 190 grader i ca 8 minutt.
Når dei er avkjølt penslar du dei med eit tynt lag smør og rulle dei i crème brûlée sukkeret.

                        "Mmmmmm doughnuts"

Teatowel: Vigga Brown fra GreenGate. Fat:Wendy White fra GreenGate

Kommentarer