Marmorert Bringebærostekake
For ei stund sidan lovde eg å dele oppskrifta mi på denne ostekaka, og her kjem den endeleg. Dette er ei frisk og litt syrleg kake, og ikkje så altfor innvikla å lage.
Ingrediensar:
250g Bixit havrekjeks
100g Smelta smør
12 Plater gelatin
500g Philadelphia kremost
1 dl Sitronsaft
125g Sukker
3 dl Piska kremfløte
250g Frosne bringebær
2 ss Sukker
Framgangsmåte:
Sett ringen fra ei 23 cm springform på eit kakefat. Knus kjeksa og bland i smøret. Trykk kjeksblandinga utover fatet og oppetter kanten på forma.
Legg gelatin i kaldt vatn i 5 minuttar. Klem ut vatnet og smelt gelatinen i vannbad saman med sitronsafta.
Visp kremost og sukker glatt og vend forsiktig inn krem og halvparten av gelatinen.
Kjør bringebær og 2 ss sukker glatt i kjøkkenmaskin. Fjern frø ved å ha blandinga gjennom ei sil. Bland resten av gelatinen i bringebærblandinga. Legg klattar av ostekakeblandinga i forma og fyll ut opne felt med bringebærblandinga. Rør dei to blandingane lett saman med spissen av ein kniv eller lignande. Sett kaka i kjøleskap i ca 4 timar til den har stivna. Pynt med krem og friske bær =)

Kommentarer
Legg inn en kommentar