Sol og hagearbeid

I helga hadde vi nokre herlige dagar med sol og varme, og det måtte utnyttast til å få gjort unna litt i hagen. Lillegull tok difor med seg pappa på kafe sånn at mamma kunne få litt arbeidsro =)
Under er eit bilete som viser sånn ca korleis blomsterbedet såg ut før. Dette er bedet ved sidan av det eg har gått laus på, men dei var so og seie identiske.
Og så eit bilete etter at alt er blitt røska opp med rota =)
Det var litt av eit arbeid og eg hadde aldri klart det uten hjelp fra den kjære mamma'n min! To dagar tok det oss og vi er enda ikkje ferdige. Vi må fylle på med enda meir ny jord og så kan vi endelig begynne å plante igjen. Tidlegare var det eit virrvarr av stauder, busker, roser, liljer og til og med eit lite grantre. Planen er at det skal bli eit rosebed med krypplantar innimellom, og nokre løkar som blomstrar tidleg på våren. So spørs det bare om eg plutseleg og på mirakuløst vis får grøne fingrar slik at det veks noko anna enn bare ugras. Det er lov å håpe =)

Kommentarer