Vanilla Cupcakes & Angel Feather Icing

I går skar mannen i huset opp hjortekjøt, og den lukta synest eg er heilt forferdeleg. Sjølv om alt av skjærefjøler, knivar og anna vert vaska med ein gong, så heng liksom lukta att i rommet. Men då fekk no eg i allefall ei unnskyldning til å bake noko for å "dekke" over hjortelukta. På lørdag kom eg over ei oppskrift på nokre cupcakes som såg aldeles nydelege ut, så den tenkte eg at eg måtte prøve. Den inneholdt masse merkelege saker som ikkje er å finne i mitt kjøkkenskap, men eg lagde min egen lille vri på den og resultatet vart ganske så bra. Alle dei merkelege sakene får eg heller gå til innkjøp av når eg reiser til ein plass med ordentlege matvareforetningar ;-)
Her kjem i allefall min forenkla versjon:

Vanilla Cupcakes
Ca 24 stk
3 dl sukker
200g smør, romtemperert
4 egg, romtemperert
5 dl mjøl
2 ts  bakepulver
3 dl fløte
Ei halv vaniljestang

Fremgangsmåte:
Skrap frøa fra vaniljestanga og legg både frø og stang i ei gryte saman med fløten. Varm til kokepunktet, trekk til sides og avkjøl.
Ha smør og sukker i ein bolle og miks i ca 5 minuttar til det er mjukt og fluffy.
Tilsett deretter ett egg om gangen. Miks ca 2 minuttar mellom kvart av egga.
Bland mel og bakepulver godt saman og sikt det over røra. Tilsett fløten og vend alt forsiktig saman med ein slikkepott.
Ta ca ei spiseskei røre i kvar form og steik på 200 grader i 15-20 minuttar.

Angel Feather Icing
2 eggekvite
170 g sukker
2 ss vatn
1 ts sitronsaft
Eit par dråpar vanilje essens
Konditorfarge (Kan sløyfast)

Framgangsmåte:
Hell alle ingrediensane bortsett fra vanilje og konditorfarge i ei skål over vannbad. Miks med handmikser i minst 7 minutt. Ta deretter skåla ut av vannbadet tilsett vaniljen og konditorfargen og miks nokre minuttar til.

Når muffinsa er avkjøla er det berre å sprøyte på icingen med ein sprøytepose, eller kline den på med ein kniv ;-)

Kommentarer

Legg inn en kommentar

Populære innlegg