Operasjon ”Ugler i Mosen”

Hagen vår er eit sørgjeleg kapittel. Den har sikkert vore veldig fin ein gong i tida, men no er alle blomsterbed igjengrodd av ugras, og tred og buskar sprikar i alle retningar. Eg drøymer om ein nydeleg hage med romantiske rosebusker, vakre stauder, silkemjukt gras, frukttre og bærbuskar, men eg har ærleg talt ikkje visst kor eg skal begynne. Heile hagen skrik etter oppmerksomhet, men eg er inga superkvinne og kan ikkje få hagen under kontroll i ei handvending dessverre. Difor har vi bestemt oss for å starte med plenen, dersom ein kan kalle det for ein plen. Den består nemleg av 80% mose, eit par grasstrå her og der og resten er ugras av ymse slag. Mose er vel noko dei flest hageeigarar slit med og det finnast både dyre maskiner og anna som liksom skal få bukt med problemet, men få av dei gir vel noko særleg resultat. Men jammen ser det ut for at vi har kome over eit middel som ser ut til å virke! Mose GTI er ein plastdunk som ein koblar på hageslangen før ein vatnar plenen, og allereie etter nokre timar er mosen blitt heilt svart og døyr. Genialt! Så får vi bare håpe at mosen held seg vekke med litt lett vedlikehald som plenklipping og gjødsling i ny og ne. =)

                                 Mosen etter å ha blitt sprøyta med mosemiddelet


Kommentarer

  1. Heisann, skal prøve Mose GTI selv. Har mosen holdt seg vekke? Raket du vekk mosen, og kom plenen fint? Har du gjødslet noe etterpå?

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg