Pizzavaffler

(Ca. 4 porsjonar)

Ingrediensar:
1 ½ dl kveitemjøl
1 ½ dl sammalt kveitemjøl, fint
1 dl havregryn
½ ts salt
½ ts bakepulver
4 dl mjølk
2 egg
2 ss smelta smør
Pizzakrydder

Topping etter eige ønske. F.eks skinke, ost, paprika

Framgangsmåte:
Ha alle tørrvarene i ein bakebolle. Tilsett mjølk, egg og smelta smør, og rør alle ingrediensane saman til ei glatt røre med ein visp. Lat den svelle i 15 - 20 minuttar.

Når vaffelplata er ferdigsteikt legg du på toppingen, brettar vaffla ein gong og klemmar samen vaffeljernet litt til sånn at osten smeltar.

Passar ypparleg både som frukost, lunsj, middag og kvelds spør du meg =)


Kommentarer

Populære innlegg