Prisbelønna Brownies!
Eg hadde eigentleg tenkt at mitt neste blogginnlegg skulle handle om den nydelege nye hengekøya mi, men vêret vi har hatt dei siste dagane har ikkje akkurat gjort det mulig å verken teste den ut eller ta bilete av den. Sånn er det vel å bu på det forblåste vestlandet =) Hengekøya må difor vente til det dukkar opp ein solskinnsdag, og i staden vil eg dele mi aller beste Browniesoppskrift me dåkke! Oppskrifta er faktisk så god at den vann ein pris for Best Brownie i 2003, og den stammar fra City Bakery i New York =)
Ingrediensar:
250 gr smør
250 gr mørk sjokolade
5 dl sukker
5 egg
3 dl kveitemjøl
2 ts bakepulver
2 ss bakekakao
Sett ovnen på 150 grader. Smelt smør i ein kjele og rør inn bitar av sjokolade til alt er smelta. Pisk egg og sukker til eggedosis, den treng ikkje vere heilt pinnestiv, bare nok til at sukkeret er oppløyst.
Sikt saman mel, kakao og bakepulver.
Hell all sjokolade/smør blandinga i eggedosisen på ein gong og vend forsiktig inn ved å bruke ein slikkepott, hell i mel/kakao/bakepulver blandinga (alt på ein gong) og vend inn til du har fått ei glatt masse. Ikkje rør for mykje.
Tilsett gjerne hakka valnøtte, peanøtte, pecan eller hasselnøtte.
Kle ei lita langpanne (20x30 cm) med bakepapir og spray godt med Formfett eller bruk smør.
Spre røra jevnt i langpanna og steik kaka i 55-60 min.

Delicious!
Kommentarer
Legg inn en kommentar