Pastasalat med kylling

Dersom eg skal lage mat til gjestar havnar som regel denne pastasalaten på bordet. Den er enkel å lage og den fell i smak hos dei aller fleste. Tidlegare brukte eg å ha fetaost i den, men det er det merkeleg nok ikkje alle som likar. Fetaosten havnar difor i ei skål ved sidan av til meg og andre feta-elskarar =)

Ingrediensar:

Pasta penne
Kyllingfilet
Marinade, ferdigpose (Eg synst en av dei med chilli i er best :)
Rødløk
Mais
Paprika
Olivenolje
Peppermix
Kvitost

Fremgangsmåte:

Skjær kyllingen i bitar og legg den i marinaden 2-3 timar. Dess lenger den ligg, dess meir smak blir det på kyllingen. Steik og avkjøl.
Kok pasta som vist på pakken. Avkjøl og hell gjerne over litt olje slik at pastaen ikkje kleber seg.
Skjær kvitost i terningar og legg dei i ein bolle. Hell i olje slik at osteterningane er godt dekte og kvern over peppermix.
Skjær rødløk og paprika i passe bitar og bland dei i oljen saman med osten. Dette kan og gjerne få stå ei stund slik at osten får trekke til seg alle dei gode smakane.
Bland til slutt alt i ei stor skål og server med bagettar , grove rundstykker eller spinatbomber.

Vel bekomme =)

Kommentarer

  1. Mmm, den må prøvast ut ein gong, kanskje ved neste klubbsamling? :)

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg