Brownies Vafflar
Vaffeljernet mitt blir ikkje brukt så altfor ofte. I løpet av det siste året har det blitt brukt ein gong, og sidan eg fekk det for fem år sidan har det blitt brukt heile tre gonger. To gonger til vafflar og ein gong til pizza-vafflar. I kveld hadde eg bestemt meg for at det var på høg tid å bruke det igjen, men då eg skulle ta jordbærsylta ut av kjøleskapet var den stivfrossen. Og alle veit at det ikkje går ann å ete vafflar utan jordbærsylte! Vaffeljernet var allerede varmt og ferdig smurt, og alle ingrediensane sto klar på kjøkkenbenken, så eg bestemde meg for å gjere ein liten vri. Eg droppa mjølka, blanda saman resten av ingrediensane og hadde i kakao og vaniljesukker i tillegg. Resultatet??? Browniesvafflar! Sprø utanpå, seige inni og fortreffeleg saman med fløteis med norske jordbær i frå Valldal =)
Oppskrifta eg brukte til fem plater var ca:
100g smelta smør
150g sukker
2 egg
2 ts vaniljesukker
2 ts bakepulver
50g kveitmjøl
3 ss bakekakao
Bland smør og sukker i ein bolle. Rør inn egga og sikt til slutt inn alt det tørre. Steik dei på vaffeljernet sånn som du ville gjort med vafflar og smør godt mellom kvar plate så dei ikkje set seg fast =)
Åååå, dette såg litt for godt ut!
SvarSlettMen pizza-vaffler? Kva i alle dager er det? Merka eg blei litt nysjerrig her eg sitter med et vaffeljern som ikkje er så mykje i bruk! :)
Skal sjå om eg ikkje får lagt ut oppskrifta på pizzavafflene og eg ;-)
SvarSlettSå kjekt at du har begynnt å blogge :) Ser fram til å prøve meg på brownievafler, så snart eg får eg et vaffeljern!
SvarSlett