Multitasking?

Når gullungen er lagt for kvelden, mannen jobbar overtid og alt husarbeidet er gjort, kva skal ein ta seg til då? Som oftast endar eg på sofaen framfor fjernsynet med dataen på fanget. Men det er grenser for kor mange gonger eg orkar å lese over VG og Dagbladet og oppdatere meg på dei siste Facebookstatusane. Difor tenkte eg at blogging kanskje kunne vere noko å fylle tida med når eg alikevel har eit auge på TV'en og det andre på datamaskina. Bloggen kjem nok for det meste til å handle om kaker, interiør og hage. Ikkje at eg har så god peiling på nåken av delene, men det er i allefall ting eg likar og interesserar meg for. Og kven veit? Kanskje kan eg bidra med litt tips og inspirasjon til andre?

Kommentarer

  1. Tenkte eg kunne sende deg nåken interiørlinka eg lika godt :)

    http://www.eijffinger.nl

    http://www.romo.com/collections/wall-coverings.html

    http://www.harlequin.uk.com/

    http://www.borastapeter.se/

    SvarSlett
  2. Tusen takk skal du ha!=) No har eg mykje å kose meg med i løpet av helga =)

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg